Artist: 
Search: 
Reddit

Solfaktor X - Mannen Og Kråka lyrics

Og mannen han gjekk seg i vedaskog.
Heifara, i vedaskog!
Då satt det ei kråke i lunden og gol.
Hei fara! Falturilturaltura!

Og mannen han tenkte med sjølve seg,
Heifara, med sjølve seg:
Skal tru no den kråka vil drepa meg?
Hei fara! Falturilturaltura!

"Å no har eg aldri høyrt større skam!
Heifara, høyrt større skam!
Har du høyrt at ei kråke kan drepa en mann?"
Hei fara! Falturilturaltura!

Og mannen han spende sin boge for kne.
Heifara, sin boge for kne.
Så skaut han den kråka så ho datt ned.
Hei fara! Falturilturaltura!

Så spende han føre dei folane ti.
Heifara, dei folane ti.
Men kråka ho sprengde alle di.
Heifara, falturilturaltura

Så spende han føre dei folane tolv
Heifara, dei folane tolv.
Så drog dei den kråka på låvegolv
Heifara, falturilturaltura

Av skinnet så gjorde han tolv par skor.
Heifara, han tolv par skor.
Det finaste paret det gav han til mor.
Hei fara! Falturilturaltura!

Av tarmane gjorde han tolv par reip.
Heifara, han tolv par reip.
Og klørne dei brukt'an til møkkagreip.
Hei fara! Falturilturaltura!

Av nebbet så laga han kyrkjebåt,
Heifara, til kyrkjebåt,
Så folk kunne ro både frå og åt.
Hei fara! Falturilturaltura!

Av augo så gjorde han stoveglas.
Heifara, han stoveglas.
Og nakken han sette på kyrkja til stas.
Hei fara! Falturilturaltura!

Og da det så ikkje var meire å ta,
Heifara, 'kje meire å ta,
Så dro denne kar'n til Amerika
Hei fara! Falturilturaltura!

Og den som 'kje kråka kan nytta så,
Heifara, kan nytta så,
Han var ikkje verd'e ei kråke å få.
Hei fara! Falturilturaltura!